Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bøn

Torsdag

19:30

Undervisning ved Terje Rygg,

Fredag

17:00

Jonsokfeiring på Helgatun.

17:00

Litteraturmisjonens sommarstevne på Stølsdokken.

Søndag

18:00

Terje Rygg talar. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Misjon

Betel Volda, ei aktiv misjonsforsamling

| publisert: 05.05.2013 | Gunnar

bilde

Betel i Volda har alltid vore ei aktiv misjonsforsamling. Det er ikkje nok at vi berre får orden på vårt eige Guds-forhold, men det har alltid vore ein brann for at også andre skal få oppleve det same. Ikkje berre sambygdingar, men Guds tilbod, evangeliet, må nå til alle folkeslag.
Difor kjendest det naturleg å sende eit ungt ektepar til Kenya som misjonærar alt i 1912. Det var Martha og Mathias Støve som då, heilt nygifte, reiste til Britisk Aust Afrika, i dag Kenya, som misjonærar.
I 1957 reiste Lilly Engeset til Swaziland i same oppdrag. Ho var utdanna jordmor og hadde også ei brei erfaring i barne- og ungdomsarbeid bak seg. Ho fekk vere med å starte og drive eit banebrytande arbeid saman med andre misjonærar frå DFEF.
Midt på 60-talet reiste ei anna familie frå Volda til Grønland. Det var Eldbjørg og Per Håskjold med famile. Per hadde tidlegare arbeidd som dykkar på Grønland og sett den djupe nauda der. Dette opplevde han som eit kall til at også grønlendarane skulle få oppleve Guds kraft i liva sine.
Ikkje mange åra seinare, reiste broren Åge Håskjold med familie til Argentina. Også dei som misjonærar. Tilsvarande har Ada og Harald Elvegård vore mange år i Japan. Like eins Edit og Hans Reite. Betty og Gunnar Andås har vore i Hong Kong, og dei seinare åra har Svend Svendsen tenestegjort på misjonstrykkeriet New Life Literature på Sri Lanka.






mouseover